Partileiar på årsmøte i Tysnes KrF

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/1/2019 07:01

Partileiar Knut Arild Hareide ankom årsmøte i Tysnes KrF noko forseinka grunna flytrøbbel.

Tysnes KrF er glade for at partileiaren fann tid til å besøkja KrF sitt  årsmøte på Tysnes, i ei travel tid for partiet. Deler av partileiinga sit i regjeringsforhandlingar på Gran på Hadeland.

Det er tillyst landsstyremøte i partiet  når forhandlingsresulatet derfrå foreligg.  Det let vente på seg, då ein no forhandlar på overtid.

Knut Arild gjekk på talarstolen og tala om vegvalet, den utfordrande hausten, regjeringsforhandlingane og vegen vidare for partiet. Ein veg som vert utan han som leiar dersom KrF kjem til einigheit og vel å gå inn i regjeringa Solbrg.

Knut Arild saman med lokallagsleiar Lorentz Lunde , som vart attvald som leiar på åsmøte.

Tekst og bileter: Lars Enes