Var du på Woodstock?
15/8/2009 20:08
Men kjenner du nokon som var der dei magiske august-dagane i ’69 eller.
nokon-som-har-høyrt-gjete-nokon-som-har-ein-grandonkel-som-hadde-ein-køyrelærar-som-angivelig-var-der,
så gje gjerne ein lyd. Eg held for tida på med ein artikkel for
musikkbladet Tunes om nordmenn på Woodstock, i samband med ein
artikkelserie som har der om sjølvopplevde retro-konsertopplevingar..
Så langt har eg lukkast med å finne 3 personar som var der (overraskande
lite fokus har vore på desse folka tidlegare) Eg høyrer
gjerne frå fleire Woodstock-vandrarar. Ein skulle jo tru at det finst
fleire enn skarve 3
av 500.000 (mindre enn ein hundredel av ein promille!) nordmenn på ei
tilstening av dette omfanget.
Denne helga er det 40 år sidan den vetle byen Bethel sør for New York
vart invadert av ei hærskare mennesker, hovudsakleg langhåra hippiar
(men og både nonner, Hells Angels-ryttarar, Vietnam-veteranar og
pappa-gutar). Dei hadde venta seg mindre enn halvparten, men brått
berre tok det heile av – og “alle” skulle til Woodstock.
I forkant vart festivalen annonsert som “An Aquarian Exposition – 3
days of peace & music”.
Og det vart akkurat det det vart. Politiet i området var imponert over
kor lovlydig folk oppførte seg på sletta til mjølke-bonden Max Yasgur – alt
tatt i betraktning.
Klikk på podkast-linken frå P1 under for å høyra NVG på reiseradioen
måndag 10. august i dialog med Pål Thoresen om jakten på moglege
norske “counter culture crusaders” på Woodstock (ca. 1 time etter
innslaget, mydlo Bee Gees-kvining og Country Joe & the
Fish-gneldring)…
http://podkast.nrk.no/program/reiseradioen.rss
Nils Vermund Gjerstad