Oppdaterer informasjon om Open hall

Publisert av: May Britt Meland
29/10/2020 19:35

Det er satt nytt tall for kor mange som kan være med på Open hall i tysneshallen på søndag.

Grunna fleire smittetilfelle på Tysnes i løpet av veke, var Open hall eit av fleire tema som var oppe i møte i kommunal kriseleiing i dag.

Spørsmålet om barn og unges trong for aktiviteter er vurdert opp mot risiko for eit smitteutbrot i samband med arrangementet.

Det vart vist til risikovurdering, vurdering frå smittelegen, trongen for å ikkje skape unødig frykt i befolkninga, samt til oppmoding frå Fylkesmannen om å oppretthalde eit aktivitetstilbod for barn og unge.

Det går sjølvsagt ikkje an å være sikker på at me ikkje får smittetilfelle i samband med arrangementet, men risikoen for dette vert vurdert til å være låg.

Det nye talet på deltakarar er 75 personar, inkludert foreldre. Hugs at de må melde dykk på arrangementet ved å sende ei melding på Facebook.

Tysnes kommune presiserer at situasjonen og vurderingane kan endre seg igjen fram mot søndag.

Dersom det vert ytligare endringar, eller avlysing av arrangementet vil dette bli fortløpande informert om på Facebook.