Forfattar Mads Rage, Foto: Marie Sjøvold

Debutant med strålande omtalar

Publisert av: May Britt Meland
31/12/2018 14:54

Då Tysnesingen i slutten av januar i år snakka med Mads Rage, var det like før hans fyrste bok ”Og skipet siglar vidare” vart utgjeven.

Boka har vorten godt motteken, og Rage vert no omtalt som ein av fem debutantar ein bør få med seg. På kultursidene til nrk.no kan ein lese meir om debutanten.

Litteraturkritikar Leif Ekle omtalar boka som “ein sterk debut” og “ein forunderleg roman”. Vidare seier han om boka at den “Passar for deg som vil få med deg starten på eit lovande forfattarskap.”

Les heile omtala her.