Seier mot Odda

Publisert av: May Britt Meland
3/6/2024 19:04

J19 tok ein sterk lagseier borte mot Odda på Odda Stadion i går kveld. ️ Odda scora på ei langskudd frå ca 25 meter etter kun 5 min! Njardar jentene produserte mange sjanser etter mykje fint spel, men Odda jentene kriga godt i 16 meteren, og me klarte ikkje å utlikna før pause.
Njardar jentene fortsetter å trøkka til i duellane etter pause, og prøver å spela ball mot eit hardt kjempande Odda. Rikke Dalen Hagen sender ein fin løpeball til Martha Austvik som setter ballen fint i mål over keeper. Evelyn Folgerø skaffer oss straffe etter eit fint gjennombrudd på slutten, som Rikke setter fint nede til høgre.

Njardar jentene reiser heim med tre velfortjente poeng etter ein skikkelig lagseier, der alle jobbar for kvarandre.