Ser Bruce for 40.gong
9/6/2009 16:09
Mange tysnesingar er nok å finna på Koengen i kveld og i morgon kveld på Bruce-konsertane. Geir Asmervik frå Landås har vore på 39 konsertar fram til i dag, der han har reist heile Europa for å sjå og høyra The Boss, og han har også vore i USA og besøkt heimstaden til artisten.
Asmervik var trenar for a-laget til Njardar i 1988 og har gode band til Tysnes gjennom to gongar i året som spelar for FC Galanten under fotballcupane sommar og romjula.
Det var også Asmervik som drog Nils Eivind Hansen på Bruce-konsert fyrste gong, då Njardar var på treningsleir i Danmark i 1988. Dei køyrte 7 timar frå treningsanlegget til København for konsert og 7 timar tilbake om natta for å nå treninga neste dag. Etter dette vart Nils Eivind hekta og etter dei to konsertane i Bergen denne veka har han sett Bruce Springsteen live ni gonger.