Hiphop og klubb på Tysnesfest

Publisert av: May Britt Meland
30/3/2023 18:34

Kva er vel ein god fest utan noko hiphop og klubbmusikk? Tysnesfest smeller til med fire smellvakre artistar som leverer energi og trøkk blanda med kulhet og finesse.

Med det beste av norsk musikk allereie på plass er det ei stor glede å presentere ei av dei store norske hiphop stjernene til årets festival. Arif har heilt sidan han vann Urørt-finalen som Phil T. Rich i 2013 vore ein av dei mest kritikarroste og særegne stemmene i norsk hiphop. Med sitt nye prosjekt “Å drukne en fisk” er Arif tilbake i knallform. Det er berre å gle seg til sommaren!

 

Arif

Med suksessar som Alene, Hvem er hun, Hellig og samarbeid med Karpe og Unge Ferrari/Stig Brenner er Arif er blitt ein eigen målestokk når du snakkar om norsk hiphop.

Arif er ein konsertattraksjon utenom det vanlige med eit songar på repertoaret som svingar mellom det følsomme vare og bangers med fullt trøkk. Me gler oss til alt han har å by på når han kjem til Tysnesfest.

 

Lavran

Me vågar å kalla han Tysnesing, for Lavran er ein me alle har lyst til å trykke til vårt bryst å gjera vår eigen. For makan til talent skal du leite lenge etter. Med berre eit knippe konsertar i sekken så er Lavran allereie klar for den store scena på Tysnesfest. Han har flow, han har stil, han har sjarm, han har Tysnes i blodet, han er Lavran!

 

Lekende Lett

Med overbevisande kulhet og sjarm vann Lekende Lett rett og slett alle festival-hjertene under 100 Dagar og får opptre på festivalscener over heile vestlandet til sommaren. Med sin eigne versjonar av Bailefunk og partydisco har duoen gitt ut ei rekke låtar det er lett å forelska seg i. Det er svett, sexy og fullt av kjærleik. Det blir Lekende Lett på Tysnesfest!

 

Eirik Aas

Eirik Aas er ein skjult smaragd i Bergens hiphop-miljø og dukka først opp på folks hiphop-radar som ein del av Hester V75 og Vibbefanger-miljøet. Med sin solide stil som rapper i botn vågar Eirik Aas å mikse inn fragment av  jazz og pop i musikken sin, noko som gjer han til ein våre mest spennande rap-artistar å følge med på. No kan du få oppleve han på Tysnesfest!