Vakre tonar i Tysneskyrkja

Publisert av: Martha Nygård Lande
17/6/2019 06:55

Til inntekt for det nye flygelet vart det arrangert konsert i kyrkja søndag kveld, med for det meste lokale krefter, kreftar av høg kvalitet både innan song og musikk.

Forutan Andre Eide på det nye flygelet deltok Kristoffer Nordal og Maren Leite med vakker song. Kristoffer med tonefylgje av Eide, Maren hadde med seg Endre og Tore Hodneland på hhv flygel og gitar og  Nick Huges viste nok ein gong at han er særs dyktig på  kornett.

Eide avslutta konserten med seks stykke av Egvard Grieg, før dagens konferansier Arne Leite saman med Åse Enes sytte for blomar og takk til alle som hadde bidrege til konserten.
Alle dei som optredde gjorde det som dugnad for det nye flygelet, noko dei fortener stor takk for.

Etter applausen å døma frå ei nesten full kyrkje var publikum særs nøgde med det dei hadde fått høyra.

Tekst og foto: Tore Atle Humlevik