Tysnes Sparebank med lovande kvartalsrekneskap

Publisert av: Vegard Aslaksen
26/4/2018 21:03

Tysnes Sparebank gjer det godt etter 1 kvartalsrapport og skriv følgjande i ei pressemelding;

Styret i Tysnes Sparebank godkjente i møtet 25. april 2018 kvartalsrekneskapet for første kvartal 2018. Resultat før skatt er 6,2 millionar kroner, ei betring på 2,1 millionar kroner samanlikna med med same periode i 2017.

Nye krav i samband med forholdsmessig konsolidering i samarbeidene gruppe er p.t. ikkje hensyntatt. Korrigerte kapitaltal vil verta offentleggjort så snart desse ligg føre. Dette har ikkje konsekvens for bankens resultat.

Banken sin forretningskapital passerte 3 milliardar kroner
Tysnes Sparebank har ein samla forretningskapital på om lag 3 milliardar kroner. Dette er ein solid auke. Kredittveksten dei siste 12 månadene er på ca. 18 %, medan innskota har auka med 22 % i same periode. Auken i utlån er i hovudsak til privatkundar i regionen. Den største auken i nye kundar har banken i aldersgruppa 25 til 45 år.

Banken ser optimistisk på framtida i Sunnhordland og Hardanger
Banken har dei siste åra etablert fleire nye kontor i Sunnhordland og Hardanger. Alle dei nye kontora har ei svært god utvikling med stor pågang av nye kundar.

”Det er gledeleg å registrera at optimismen er tilbake hos næringslivet i regionen vår” seier banksjef Dag Sandstå.

Banken har stor pågang av små og mellomstore verksemder som ynskjer å ha ein lokal bank å snakka med.

”Lokalkunnskap og kjennskap til personane som driv og eig verksemdene er avgjerande for banken skal kunna bidra på ein best mogeleg måte” seier banksjefen.

Banken er godt posisjonert for ytterlegare vekst
Banken henta i desember inn om lag 33 millionar kroner i ny eigenkapitalbeviskapital som i hovudsak kom frå personar og verksemder i regionen. Banken er nøgd med at så mange ynskjer å investera i lokalbanken. Med den nye kapitalen kan banken veksa godt i åra som kjem. Banken sine eigenkapitalbevis er notert på Merkur Market som er styrt av Oslo Børs.