Publisert av: May Britt Meland
22/2/2020 21:14
Ellevill steming på OnarTun
I dag var stor stemning og eit yrande liv på OnarTun. Både store og små hadde funne fram fargerike og fantasifulle kostymar.
Det var jenka, hesteveddeløp, få blyanten i flaske og avisleiken ( det same som stolleiken, bare med aviser).
Lea Rehling Qvistgaard, dagleg leiar ved Onarheim Landhandel fortel at det var heilt fult i kafeen. -Vi hadde vi teke fram alle ekstra bord vi hadde. Eg tippar det var ca 30 born og ca 70 vaksne, elles også masse trafikk inn og ut av butikken.