Auka internettbruk, men ingen grunn til uro

Publisert av: May Britt Meland
17/3/2020 11:41

Koronaviruset fører til sterk auke i internettbruk

Datatrafikken i Altibox sitt nasjonale fibernett låg før helga på opp mot 30% over normalen for dagtid og 15-20% over normalen på kveldstid.

– Likevel er trafikken framleis langt under andre toppar vi har sett til no i år. Kundane har ikkje grunn til å vera uroa, seier Ingrid Haaland i BKK Breiband AS  som distribuerer Altibox i Etne og Tysnes.

Altibox leverer TV- og internett-tenester til over 600 000 husstandar i Norge.

Altibox får mange spørsmål frå kundar som lurer på om det kan bli problem med kapasiteten på nettet no når  langt fleire arbeider frå heimekontor, gjerne samstundes med at skuleelevar skal få fjernundervisning.

I ein slik situasjon er samfunnet ekstra avhengig av elektroniske kommunikasjonstenester, noko både operatørar som Altibox og myndigheiter er bevisste på.

Altibox rapporterer kontinuerleg til styresmaktene og har tiltaksplanar klare viss det skulle oppstå situasjonar som krev dette. Så langt er det ingen indikasjonar på at koronaviruspandemien skal gje spesielle utfordringar for driftsstabiliteten.

–  Foreløpig er nettet vårt i normal driftssituasjon med trafikkmønster godt innafor kapasiteten, men vi føl sjølvsagt ekstra nøye med for å sikra stabile tenester for kundane, seier administrerande direktør Tor Morten Osmundsen i Altibox.

Altibox ventar framleis å sjå noko trafikkvekst på dagtid, men trafikktoppane ligg så langt godt under det vi opplever til dømes under store sportsarrangement.

Ekstra mykje trafikk og fleire brukarar samstundes kan gje dårleg WiFi-oppleving i heimar som ikkje har god nok dekning eller utdaterte sendarar. Då er det heldigvis slik at varelevering framleis fungerer og eksempelvis kan produkt som Google WiFi hjelpa dei aller fleste kundar som har slike utfordringar.

 

Pressemelding frå BKK Breiband og Altibox