Andersland Bygg 2 meistrar
30/3/2009 18:06
Dei leiar no med 4 poeng og har to kampar igjen. Dei spelte også ein storkamp mot Windsor og vann 2 – 1. Windsor med Tobben i spissen spelte også ein særs god kamp, men dei klart ikkje å hindra at Andersland Bygg 2 avgjorde serien. I denne kampen fekk Stein Olav 202, Kristin 165 og Atle heile 225 i første serie. Det vart totalt 592 pinnefall på ein serie. Det er nok serierekord. Tobben var ikke særleg dårlegare med eit pinnefall på 209.
Elles ser det ut på resultata som om Andersland Bygg 1 har mista litt av formen. Triangel Sør med Tove Gjerstad, Oddrun Tysnes og Arvid Gaugstad spelte ein god kamp og vann 3 – 0 over Andersland Bygg 1. I denne kampen hadde Arvid høgaste pinnefall med 159. Men ingen kan truga Andersland Bygg 1 sin 2. plass i årets serie.
Ole Chr. Kjerrgård fekk 194 i kampen mot Triangel Sør. Her vann Rex Star Seafood 2, 5 – 0,5.