Årets Påskekryssord

Publisert av: Martha Nygård Lande
31/3/2021 14:47

På Skjærtorsdag brakar det laus med årets Påskekryssord her på Tysnesingen.

I år er det til saman 23 spørsmål fordelt på 5 dagar. Kvar dag, fram til og med andre påskedag, publiserer me 4-5 nye spørsmål. Svara fyller du inn på rett plass i kryssordet, for å koma fram til ein løysingssetning i det gule feltet.

Premien i år er eit kjempeflott “hashtag”- handkle og eit insektshotell, begge delar laga hos Tysnes Industri AS.

Alle som sender inn rett løysing på heile kryssordet innan fristen er med i trekninga av premien.

Link til kryssordet i pdf format finn du her.

Frist for å senda inn rett løysing er 2. påskedag kl 2100 til: post@tysnesingen.no

Tysdag i neste veke trekkjer me vinnaren av hovudpremien.

God påske og lukka til!