Vitjing på Tveit

Publisert av: Johnny Helgesen
2/5/2019 11:27

Måndag 29.april var me 19 damer frå Tysnes Bygdekvinnelag på vitjing hjå Lucianne Rijpkema
på Tveit, betre kjent som Tveitakjerring.


Lucianne er frå Nederland og kom til Norge i 2008. Før den tid hadde ho vore her på ferie, ho
var særs glad i norsk natur og høge fjell. Ho likte seg så godt at ho valde å flytta hit. Dei fyrste
åra budde ho i Valdres og trivst godt der. Men så møtte ho kjærleiken, ein staut bonde frå
Tysnes, og kom så til Tveit i 2011. Ho har gått på ystkurs i Aurland, og det var her ho fekk den
store interessa for geiter og ysting.


På Tveit har ho og Jens 24 geiter og 43 kje. Her er også sauer og høner. Geitene produserer
melk til osten som ho lager.


Ysting på Tveit starta i det små inne på kjøkenet, og etterkvart har det bere auka på og no har
ho eit eiga lite yseri. Ho lager 6 forskjellige ostar og enda er det ein sort til under utvikling.


Ein sjølvbetjent gardsbutikk i kjellaren er open kvar dag og stort sett heile dagen. Her finn du
både ost og egg. Osten er og å finna på butikken i Onarheim. Me fekk smaka på alle sortane,
og det kan verkeleg anbefalast. Tusen takk til Lucianne for at me fekk koma, og at du tok deg
tid til å fortelja, og lot oss bli kjend med Tveitakjerring.
Den fantastiske fine logoen er det Lars Slettebø på Stord som har teikna etter eit bilete ho
hadde.

 

Tekst og bilder: Tysnes Bygdekvinnelag