Sjøsportveko 2018
2/4/2018 20:24
Velkomen til Sjøsportveko 2018
Sjøsportveko har vore arrangert av Båtlaget Njord Tysnes i ei årrekkje. Sjøsportveko er for born i alderen 8 – 15 år. På Sjøsportveko får ein prøva sigling med joller og større båtar, padling i havkajakk, sjømannskap, sjøvett og vannsport. I tillegg blir det tid til bading for dei som har lyst til det.
Sjøsportveko blir i år arrangert Mandag – Fredag i veke 30. Kl 1000 – 1500 kvar dag.
Meir detaljert informasjon vil bli sendt ut etter påmeldingsfristen.
For påmelding og betaling følg denne linken. Deltakeravgift inkludere, frukt kvar dag, grillmat og drikke på fredagen samt årskontingent i Båtlaget Njord/Tysnes.
Merk: i år der det berre 20 plassar.
Sjøsportveko er det lagt opp ut frå alder og ferdighetsnivå. Deltakarane vil bli delt i grupper på bakgrunn av alder/erfaringsnivå.
Alle deltakarar på Sjøsportveko må vera symjedyktige.
Primærmålet for læring er å gi borna mestringsfølelse og samtidig ha det gøy. Vår målsetting med Sjøsprtveko er å gi born eit godt fundament å byggja vidare på i Sjøsportens fantastiske univers.
Velkomen til nokre flotte dagar på fjorden.