Julemarknad

Publisert av: Martha Nygård Lande
10/12/2020 08:47

Laurdag 12. desember vert det julemarknad i Våge

Det er Tysnesfest og lokale produsentar som er arrangør for marknaden. Ideen fekk dei i sommar, og det har vore litt fram og tilbake om ein ville få det til, seier Irene Dalland til Tysnesingen.

I samråd med kommunelegen og den kommunale kriseleiinga, har dei kome fram til ein måte der julemarknaden kan arrangerast på ein trygg måte.  Det blir eit coronavenleg, utandørs arrangement, slik at ein kan holde avstand. Det kan også vere lurt å kle seg godt, med tanke på at ein skal vere ute, og gå litt rundt å kikke kva dei ulike produsentane har å tilby.

I desse tider, når ein ikkje har hatt mogelegheit til å treffast slik som normalt, er dette også viktig for den psykiske helsa, seier Irene.

Produsentane vil stå i telt, og det blir salg av lokalprodusert mat, som for eksempel pølser, kjøt, ost, bakervarer, julekaker, syltetøy, geleer, syltede grønnsaker, raw food og olivenolje.

Forutan mat, kan ein kjøpe handlaga ting, både til pynt og nytte. Det vert mellom anna salg av lammeskinn, julekransar, julenisser, julekuler og engler.

Hos nokre av produsentane er det mogeleg å forhåndsbestille, følg med på facebooksida til Julemarknaden.

Julemarknaden startar klokka 11.00 og varer til klokka 15.00. Ein gang i løpet av dagen vil det bli julemusikk i frå Tysnes Musikklag.