E brygga sett frå lufta. Foto; Øystein Vaage

Arbeidet med E-bryggo er i gang

Publisert av: Vegard Aslaksen
16/3/2019 16:12

Forrige helg vart E-bryggo slept frå Godøysund inn til Våge. No skal nemleg denne verta ein permanent installasjon i gjestehamna i Våge. Tysnesingen skreiv om planane ein har for hamna i Februar og no er ein altså i gang med arbeidet. Medan arbeidet pågår vil det verta noko redusert kapasitet i hamna men det vil vera plass på kaien ut mot flytenaustet og på Mandelhuset sin kai.

Våge Gjestehamn har ytra ynskje om innspel frå publikum om kva ein skal nytta det store arealet på E-brygga til. Patrick Madsen seier til Tysnesingen at det er komen mange gode innspel både på Facebook og mail. Sidan oppgraderingane av sjølve brygga er nokså kostbart vil dei prioritera å gjera dette ferdig fyrst og fremst. Men me vil freista å få realisert prosjekt som ikkje er så kostbare allereie no i forbindelse med oppgraderinga av brygga, seier Madsen.

Bilettboden som vert nytta av Tysnesfest vart heist av brygga. Foto; Øystein Vaage

Impregnert material vart heist oppå brygga. Det skal byggjast “skjørt” på store deler av E-brygga. Foto; Øystein Vaage