Publisert av:
22/1/2009 16:40
Sporten Tysnes i hallen
Fyrstkomande sundag er det duka for mange handballkampar i Tysneshallen. Seks av Tysnes Idrettslag sine lag skal i aksjon (sjå kalender for tidspunkt).
I det høve vil Sporten Tysnes AS vera tilstades i Tysneshallen frå klokka 1300 – 1900.
– Me vil ha med eit utval aktuelle varer til reduserte prisar, og me vil og ha med trykkpressa slik at ein kan få trykt namn etc. på klede, opplyser Ingrid Stue til Tysnesingen. Pris pr bokstav ein ynskjer få trykkt er 10 kroner.
Det vert ein lang handballdag sundag altså, men samstundes kan du også sjekka ut tilboda til Sporten Tysnes AS!