Kven bryr seg vel om litt regn når ein får ro oselvar! Foto: Rebekka Høgestøl

Kjekk markering av Kom Deg Ut Dagen

Publisert av: May Britt Meland
7/9/2020 14:28

Tysnes Turlag arrangerte saman med Tysnes Kystlag Kom Deg Ut Dagen i går, søndag 6. september. Dette er eit nasjonalt arrangement som foregår to gonger i året i DNT sin regi.


Det var laga natursti  som denne gong hadde tema; Sporlaus ferdsel i naturen. Det vart satt opp bålpanner som serverte suppe, saft og kaffi til dei tøffe sjelene som tok turen ut sjølv om det var regnbyger heile dagen.


På kaien på Årbakka Handelsstad var det roing av oselvar, hesteskokasting og erteposespill for dei besøkande, og då naturstien var ferdig vart det trekt ein uhøgtidlig premieutdeling på dei som fullførte løypa.

Det var ca 40 stk som deltok på naturstien, og ca 50 stk som totalt tok turen nedom Handelstaden.


I tillegg stilte Ketil Skjolde opp som guide til Hovlandsnuten og fekk med seg 8 stk på denne turen.

 

Tekst og foto: Rebekka Høgestøl