Dokkemakar Britt Kjellesvik Rage Foto: Hardanger Folkemuseum

Utstilling på Hardanger Folkemuseum

Publisert av: Martha Nygård Lande
14/6/2019 15:00

Sundag 16. juni opnar ein både sjarmerande og imponerande utstilling på Hardanger folkemuseum: kring 20 dokker, kledde i folkedrakter etter kunstmålaren Adolph Tidemand sine portrett!

Britt Kjellesvik Rage er kunstnaren bak dei vakre dokkene. Ho har studert drakthistorie, og har galleri og verkstad i Våge på Tysnes. Ho er mest kjend for sine dokker i autentiske folkedrakter frå Vestlandet og frå middelalder.

Til utstillinga på Hardanger folkemuseum har ho med seg dokker som er utforma med utgangspunkt i Adolph Tidemand sine portrett av personar i folkedrakter på 1800-talet.

Britt kopierar i miniatyr folk og drakter frå Tidemand sine bilete. Det er eit arbeid med ein imponerande utføring og detaljrikdom, samvitsfullt gjengjeve til minste detalj. Britt sine dokker i historiske drakter har vekt både nasjonal og internasjonal merksemd.

 .
Tekst og bileter er henta frå Hardanger Folkemuseum.