Før-premiere på filmen om Johannes Heggland
2/1/2009 09:49
Filmregissør Hans Edv. Olsen frå Norheimsund, som har arbeidd med filmen dei siste par åra, fortel at det er ein uredigert versjon folk på Tysnes vil få sjå på tilstellinga i andre veka i januar. Filmen varer ca. 30 min og inneheld intervju som vart gjort med Johannes Heggland i samband med filmproduksjonen.
Då filmopptaka vart gjort hadde Heggland ein lang karriere og ein enorm produksjon å sjå tilbake på. Med ca. 60 skjønnlitterære bøker, ein rad sogespel og ein rik lokalhistorisk produksjon har Johannes Heggland sikra seg ein plass mellom dei fremste forfattarane i Sunnhordland, og i landet elles.
Filmregissør Hans Edv. Olsen vert til stades og vil fortelja litt om produksjonen av filmen. Hans Edv. Olsen har bakgrunn frå NRK radio og har i tillegg laga ei lang rekkje dokumentarfilmar, no seinast ein film om Olav H. Hauge som han har hausta mange lovord for. Det er difor med stor spaning me ser fram til Heggland-filmen.
Forutan vising av filmen vert det lett servering. Arrangementet er eit samarbeid mellom Tysnes folkebibliotek og Tysnes Sogelag.
Tid og stad: Fredag 9. januar kl. 19 i Tysneshallen. Gratis adgang.