Tysnesbonden Olav Teigland kan faget sitt.

Olav er den sjuande beste mjølkeprodusenten i Noreg i 2018

Publisert av: Vegard Aslaksen
30/3/2019 17:11

Denne veka fekk tysnesbonden diplom og kake frå Felleskjøpet for å liggja heilt i “Norgestoppen” på mjølkeproduksjon. I 2018 mjølka kyrne til Olav i gjennomsnitt 12594 kg mjølk i året pr ku. Med andre ord handler dette ikkje om totalmengde, men om kor mykje mjølk pr. ku ein klarar å produsera i løpet av eit driftsår. Talet gjenspeiler ikkje berre antall liter, men er også justert for næringsinnhold og kvalitet. Når det i følge landbruksdirektoratet i 2018 var registrert 8419 føretak som dreiv med mjølkeproduksjon, må vel dette seiast å vera litt av ei bragd.

Onsdag fekk Olav overrakt kake og diplom frå felleskjøpet for eit godt resultat i 2018

 

Når teknologi møter husdyrhald

Den moderne driftsbygningen på Teigland er optimalisert for mjølkeproduksjon etter strenge retningslinjer for husdyrhald. Her går kyrne fritt, og både fôring og mjølking er automatisert. All mjølking foregår med ein mjølkerobot som er plassert sentralt i fjøsen. Kvar ku har ein chip i øyra, som mellom anna sikrar at dei får rett mengde fôr, og som reigistrerer kyrne i forbindelse med mjølking. Men all denne teknologien fritar ikkje bonden for arbeid. Det er framleis ein god del som må gjerast manuelt, og ikkje minst er det viktig å ha god kontakt med dyra.

Kyrne går fritt på Teigland. På den eine sida er fôrbrettet der kyrne får mat, og på andre sida er kvileområdet.

 

Frivilleg mjølking

Den automatiserte mjølkinga foregår ved hjelp av ein mjølkerobot. Her blir kyrne slusa inn i ein eigen bås når dei vil bli mjølka. Chipen i øyra registrerer kvar gong kyrne blir mjølka, og datasystemet passar samstundes på at ikkje kyrne blir mjølka for ofte. Normalt sett blir kyrne mjølka inntil 4 gonger i døgnet.

Ein liten neve kraftfôr, som automatisk blir dosert i mjølkeroboten, sikrar at kyrne tar ein tur innom av og til.

 

Dyrevelferd står sentralt

Samanhengen mellom at kyrne går fritt, og optimalisert mjølking og fôring, bidrar ikkje berre til gode resultat på mjølkeproduksjonen. Dette skal og sikra god dyrevelferd. Mykje tyder på at kyrne på Teigland har det godt i den flotte driftsbygningen.

I kvileområdet er det nærmast ein eigen velferdsavdeling med ei børste kyrne kan nytta både for å bli klødd på ryggen, eller få fiksa sveisen.

 

Og reinhaldet er det ein eigen robot som tar seg av.