Barnekoret leia av Eldbjørg Knudsen Foto: Lena Epland Sløgedal

Kjekk og spennande basar

Publisert av: May Britt Meland
8/3/2020 21:45

Det var mykje folk og god stemning under dagens basar i Vonheim. Skulekorpset framførte mange flotte nummer og Barnekoret song.

Størst spenning var nok knytta til loddtrekninga, då skulle det avgjerast kven som vart den heldige vinnaren av mesterverket til Øystein Dalland, ein flott snikra brannstasjon.

Den heldige vinnaren vart denne smilande guten: Olai Dalen Hagen!

 

 

Basaren er ei viktig inntektkjelde for skulekorpset. Loddsalg både på bøkene og på basaren fekk inn kr 87 500,-.

 

 

 

 

Foto: Lena Epland Sløgedal