ZeroCat inn på sambandet Våge-Halhjem i 2018

Publisert av:
29/5/2017 09:38

I 2014 bygde Fjellstrand AS på Omastrand verdas fyrste ferje som kun vart driven av elektrisitet, MF Ampere vart sett inn i sambandet  Lavik – Oppedal i 2015.

Den nye ferja som no skal produserast for Fjord1, vil verte større og ei vidareutvikling av denne ferja. Den skal gå fortare og ha lengre rekkevidde.

Den nye elektriske ferja vert 87,5 meter lang og 20,8 meter brei. Ferja vil ha ein kapasitet på 120 bilar og 12 trailarar. Salongen vil ha plass til 296 passasjerar.

For å oppnå lågast mogleg energiforbruk, vil ferja bli byggd i aluminium, med eit katamaran skrog. Dette gjer også at batteripakkane og ladestasjonane kan vere mindre og meir effektive, ifølge ei pressemelding frå Fjellstrand AS.

Våge- Halhem er ei godt traffikert strekning, og ferja vil derfor også få innstallert biodiesel-generatorar som reservekjelde når det ikkje er mogleg å lade.

Etter planen skal den nye ferja leverast i fjerde kvartal i 2018.

– Nullutslipp og lav energibruk er viktige egenskaper som er verdsatt i de nye anbudene, og denne fergen gjør det mulig å drifte enda lengre fergestrakninger på batteri. Vi er glade for at Fjord1 har plassert denne ordren hos Fjellstrand, sier Tolo salgssjef i Fjellstrand i pressemeldinga.