Finale G14 2 divisjon

Publisert av: Vegard Aslaksen
22/11/2019 12:55

Njardar/Tysnes sine G14 gutar tok seg til finale i sluttspelet for 2.divisjon.
Her møtte dei Bønes som diverre vart for sterke og slo gutane 5-4.
Det vart ein spanande kamp der våre gutar starta svært godt og leia både 1-0 og 2-1 og hadde fleire store sjansar til fleire mål.
Diverre spelte baneforholda oss eit puss og nokre uheldige involveringer gav Bønes ei 4-2 leiing til pause. I 2. Omgong jobba laget godt men kom ikkje nærmere enn 5-4. Sølvplass blandt alle hordaland sine 2.divisjonslag er uansett ein god prestasjon, og me ser fram til å trena oss enda betre gjennom vinteren.

Tekst: Ronny Hagen

Foto: Arild Pettersen