Publisert av: May Britt Meland
17/4/2025 10:41
Påsketur med Barnas Turlag
Onsdag 16. april tok Barnas Turlag Tysnes turen til Kulturløo på Drange.
Dei rundt 50 store og små som kom fekk seg ein kjekk dag hjå Kari og Helge, både i og rundt Kulturløo.
Barnas Turlag Tysnes fortel at borna fant mange påskeegg, Kari steikte minst 50 vafler og Helge koste seg nok like mykje som borna både med lammet dei fekk klappe på og den gamle traktoren som han fekk i gong.