Strålande avslutning på vinterferien
28/2/2016 18:02
Det var stor utfart til Tynesfjella i dag for dei som ville avslutta vinterferien med nok ein strålande dag på ski. Allereie kl 10 i formiddag var det godt med bilar på parkeringsplassen i Solheimsdalen. Ein del av dei som kom litt utpå dagen, møtte ein heilt full parkeingsplass, og måtte gjere endereis og snu.
Anne-Britt Onarheim melder om nydeleg sol, mykje folk og god stemning i dag.
Kakao og boller gjere susen!
Åshild Langeland, Kjersti Langeland, Ole Langeland og Susanne Onarheim.
Janne Hatteberg og Magnar Solheim kosar seg med ein rastepause i sola.
Ved anlegget på Løken
Bernhard Gjerstad, Vibecke M. Gjerstad og Robert Dalland
Frå dei oppkøyrte løypene inn mot Hovdabotn. Fantastiske forhold idag!
Jon I. Skjolde har hatt nok ein fantastisk dag i fjellet.
-Og som for mange andre i dag, gjekk turen heilt til topps!
Lunsj på Såto.
Even Skulstad med Jan-Stian Sleire Opdal og Steffen Heldal
Ingrid Stue Tysnes og Lars Terje Stue tok turen til Såto med hunden.