Dei to batteridrevne nullutslippsfergene er spesialdesigna av Wärtsilä for Boreal Sjø.

Fekk kontrakt på nullutslippsferger

Publisert av: May Britt Meland
18/6/2020 10:38

Wärtsilä skal designa to batteridrevne nullutslippsferger

Wärtsilä har fått tildelt ein kontrakt om design av to nye nullutslippsferjer. Dermed har selskapet nok ein gong fått anerkjenning for sin erfaring innan utviklinga av batteri- og hybride framdriftsløysingar. Fartøya skal byggast for den norske fergeoperatøren Boreal Sjø ved Holland Shipyards i Nederland. Wärtsilä fekk tildelt oppdraget i april 2020.

 

Skipsdesignet frå Wärtsilä er skreddarsydd for drifts- og ruteprofilane til dei to fergene. Designoppdraget inkluderer også optimalisering av energiforbruk.

 

I tillegg til design skal Wärtsilä levera motorar og batteripakke ombord, og landbasert batteri-ladesystem. Utstyret blir levert til verftet i byrjinga av 2021 og skipa skal vera ferdig og klare for å settast i drift hausten 2021.

 

“Dette prosjektet er eit godt døme på Wärtsilä sin evne til å levera eit godt design og integrerte utstyrsløysingar. Desse batteridrevne fergene representerer framtiden for bærekraftig skipsfart, og utforminga er eit resultatet av Wärtsilä sitt mangeårige forskning- og utviklingsarbeid inannan marine løysningar der ambisjonen har vore å redusera karbonavtrykket innan sjøbasert transport”, seier Harald Tillung, Forettningsutviklar, Wärtsilä Marine.

 

Både Wärtsilä og Holland Shipyards Group har lang erfaring med elektrifisering av skip og eit stort felles ønske om å levera dei beste og mest miljøvennlege løysingane som er å få tak i på marknaden i dag. Dei to nye fergene til Boreal vil få alt framdriftsutstyret ombord levert av Wärtsilä, noko som sikrar ein meir optimal drift ved å ha det same kontaktpunkt for service, reservedeler og reperasjonar.

 

”Samarbeidet vårt med Wärtsilä i dette prosjektet har vore eneståande. Dei har gjeve oss avgjerande teknisk støtte og analysar av energisystema me treng i dette konkrete prosjektet, som har vore særs verdifull for oss”, seier Marco Hoogendoorn, Direktør ved Holland Shipyards.

 

Designet til dei to fergene er ikkje identiske. Det eine fartøyet er 30 meter langt og kan frakta 10 bilar og om lag 100 passasjerar, medan det andre er 50 meter langt og kan ta med seg 35 bilar og 149 passasjerar, inkludert mannskap.

 

Fergene skal trafikkera rutene Launes-Kvellandstrand, samt Abelnes-Andabeløy i Agder utanfor Flekkefjord.

 

PRESSEMELDING FRÅ WÄRTSILÄ 18.6.2020