Publisert av:
14/9/2015 15:32
Utvida medlemsmøte
Njardar/Tysnes inviterer til medlemsmøte i klubbhuset torsdag 24. september kl. 2000.
Njardar/Tysnes og Tysnes Idrettslag starta i vår samtalar om korleis laga skulle få til eit betre samarbeid og eventuelt samanslåing av dei to laga.
Styra i laga hadde eit fellesmøte med ein representant frå Hordaland Idrettskrets som orienterte om ulike sider ved prosessen og konsekvensar av ei eventuell samanslåing.
Styret i Njardar/Tysnes har bestemt at klubben skal ha eit medlemsmøte der samarbeid/samanslåing vert drøfta.
I tillegg til medlemmer over 16 år, har styret bestemt at alle føresette til yngre medlemmer er velkomne til å delta på møtet.
Me ønskjer difor vel møtt til utvida medlemsmøte torsdag 24. september klubbhuset.