Meirbruk flyttar til nye lokaler

Publisert av: Martha Nygård Lande
26/8/2023 10:04

Sidan februar i år, har Meirbruk halde til i lokaler hos Svingen Puls i Våge.

I desse dagar held dei på med flytting av butikken, som skal opne i nye lokaler 1. september.

Meirbruk er ein sjølvbetjent bruktbutikk med sal av brukte klede og gjenstandar, som har meir bruk igjen i seg, som dei skriv på facebooksida si.

Synnøve Bakke, som driv Meirbruk, seier at dei no flyttar til det «raude huset» i Våge, tvers over vegen frå Sparbutikken.

Her vil me også få selskap av andre verksemder, kanskje ein liten kafé, eit lite bakeri, eit utsal for lokalmat, eit utsal for brukskunst eller kanskje berre litt av kvart.