Illustrasjonsbilete

Hagefugltelling

Publisert av: Martha Nygård Lande
30/1/2022 08:48

Denne helga  er det igjen tid for å telle fuglar i hagen.

Byrjinga av helga var ikkje så bra, med tanke på veret, og kanskje det ikkje var så mange fuglar på fuglebrettet.

I dag, søndag, skal veret bli betre, og i dag er siste sjansen til å delta i fugletellinga.
Skular og barnehagar kan være med ei veke til, til 6. februar.

Hagefugltellinga er eit samarbeid mellom Norsk Ornitologisk Forening og miljolare.no

Heile Norden er med på Hagefugltelling, og Norge var med for fyrste gong i januar 2008. Danmark, Finland og Sverige har gjennomført dette i fleire år enn Norge, men det har vore ei stor auke i talet på norske deltakarar.

Ei av målsettingane med hagefugltellinga, er å setta søkelyset på korleis klimaendringar endrar artssamansetninga for overvintrande fuglar i Norge og Norden. Ved å samla inn denne typen informasjon frå mange deltakarar, kan ein få ei betre forståing av variasjonar i førekomsten av småfuglar i det vinterlege Norden.

Korleis du skal gå fram, kan du lese meir om på Fuglevennen.