Kjekt på handballskule

Publisert av: May Britt Meland
12/9/2022 08:49

Laurdag 10. og søndag 11. september var det gratis handballskule for 1. – 4. klasse i Tysneshallen.

Nok eit år med stor interesse og totalt 59 born frå 1-4 klasse i aktivitet. For dei yngste borna var det første møte handballen. Ein skikkelig fin gjeng som var ivrige og flinke. Det lovar godt for framtida!

Det ligg an til høg aktivitet i hallen utover hausten og me gler oss til sesongen kjem skikkelig i gang.

Ein stor takk til J14 som stilte opp som instruktørar også i år. Utan dei, ingen handballskule. Takk!

Instruktørane, fv: Ann Kristin Misje, Sunniva Dalland, Isarlin Cristal Martinez Guzman,  Hermann Lunde Klemetsby,  Martha Nødland Austvik, Hedvig Lunde Klemmetsby, Anna Birkeland, Erle Birkeland

Tysnes idrettslag vil også få takka Spar mat som sponsa med frukt og drikke.

Tekst og foto: Atle Birkeland på vegne av styret i Tysnes idrettslag.