Førebuing til NM

Publisert av:
7/6/2015 19:41

Denne helga har ungdommane i Tysnes skulekorps hatt korpsseminar, og øvd intensivt i tre dagar til ende.

20. juni skal korpset delta i NM i Stavanger, og då er det viktig at alt er på plass.

I dag, søndag 7.6, vart seminarhelga avslutta med konsert i Tysneshallen.

Då kunne korpset med dirigent Yngve Nikolaisen stolt presentera heile repertoaret dei skal delta med på NM.

Høyr korpset framføre Al Rigore

[youtube]DvUqJgjK5uY[/youtube]

Mange hadde teke turen til hallen no i ettermiddag, og koste seg med flott korpsmusikk.

I tillegg til skulekorpset, spelte og Tysnes musikklag og Bønes brass. Bønes brass, som var gjestekorps i dag, spelte New Orleans inspirerte musikkstykke.


I korpset: Nora Nikolaisen, Sofie Epland, Marie Aline F. Mjølkeråen, Elisabeth S. Helgesen, Rhine Helen M. Storetvedt, Karoline Hovdenes, Mathilde Nødland, Kamilla Hovdenes, Ida Heggland, Tora Nødland Austvik, Rita Austvik, Thea Sundal, Marthe Stien, Tiril Sundal, Sjurd Pedersen, Henrik Sebastian Epland, Heidi Aarskog, Katherine Færevåg, Sander Elias F. Helleland (innleid fra Rosendal Musikklag), Hanna Langballe (var bortreist da bildet ble tatt)

Foto: Johnny Helgesen