Tre-på-tur underheldt på Tysnes Omsorgssenter.

Tre på tur fekk avslutta vårens mandagskonsertar

Publisert av: May Britt Meland
23/6/2020 10:37

Etter at Tysnes Omsorgssenter vart gjenopna for konsertar, har det vore arrangert tre mandagsforestillingar.

Fyrst ut var Fredrik Elholm Musikkomsorg.

Mandagen etter fekk Leslie og Tarjei gleda av å halda utekonsert i eit strålande sommarvær.

 

I går, mandag 22. juni, avslutta gruppa Tre på tur vårens mandagskonsertar. Dei framførte forestillinga: Med skråblikk på Livet.

 

Arrangementa er svært populære blant bebuarane ved Tysnes Omsorgssenter.
No tek vi ein pause fram til august, fortel Per Verner Aase ved Tysnes Frivilligsentral.
-Og til hausten håpar eg at vi også kan invitere pårørande og frivillige i tillegg!

God sommar frå Tysnes Frivilligsentral