Tysnesfest 2020 er avlyst

Publisert av: Martha Nygård Lande
25/4/2020 15:03

Stiftinga Tysnesfest må dessverre på grunn av den pågåande corona-pandemien og krav frå helsemyndigheitene avlysa arrangementet Tysnesfest 2020.

Me har i det lengste håpa og trudd at festivalen skulle kunna gjennomførast, men etter retningslinjene frå myndigheitene, og med uvissa som rår i befolkninga, ser me no at dette er vårt einaste alternativ.

Alle som har kjøpt billett vil sjølvsagt få moglegheit til å få refundert sine billettar, men på grunn av mange tusen selde billettar, og ein enorm pågang hos Ticketco ber me om tolmod for å få på plass den endelege tekniske løysinga. Du vil bli kontakta direkte av Ticketco om refunderingsalternativa dine så snart dei er klare.

-Det er med stort vemod me no må gå til dette steget. Styret i festivalen har hatt fleire ekstraordinære møter den siste tida, og me har nok sett at det er denne vegen det kom til å gå, men det gjer utruleg vondt å ta den endelege avgjersla.

– Årets lineup var etter mitt -kanskje ikkje heilt objektive- syn den beste lineupen me har hatt med Jason Derulo, Village People, Highasakite, TIX, Hellbillies, CC Cowboys, Hjerteslag og enormt mange andre herlege artistar. Me har i nokre veker skjøna at det kunne gå mot avlysing, og gjer det me kan for å få med oss så mange som mogleg av årets artistar til Tysnesfest 2021 også.

– Sjølv om me har håpa på at festivalen skulle kunna gjennomførast har me òg vore heilt klar på at så lenge det finst smitte i samfunnet, og faren for oppblomstring er tilstades vil me ikkje seta liv og helse i fare ved å samla tusenvis av menneske på Tysnes i juli.

– Me kjem tilbake sterkare enn nokosinne i 2021, og har allereie datoane klare! 7. – 11. juli 2021 er det duka for tidenes festival, og me reknar med publikum er festhungrige etter eit års pause frå Tysnesfest.

Med venleg helsing / Best regards

Øystein Vaage

Dagleg leiar / CEO

Stiftinga Tysnesfest

Tysnesfest / Instagram / Facebook

Logo