Njardar – Rosendal 2-0

Publisert av: Johnny Helgesen
8/4/2018 20:23

Gjengen spelte i dag treningskamp mot et “nytt” Rosendal-lag. Me fekk tøffare motstand i dag enn då me slo dei 5-1 på bortebane. I dag viste dei seg meir som et lag som spelar ein divisjon høgare. Me vart allikevel for sterke for dei.

Knallhard jobbing, veldig mykje god fotball og godt humør resulterte i 2-0 seier. Vanskelig kamp der motstander frå første spark på ballen viste respekt for oss og la seg veldig djupt. Me var allikevel tolmodige og bevisst på vår spelestil gjennom heile kampen. To meget gode angrep førte uansett til at vår nye spiss Didrik Milde Thorbjørnsen kunne setta inn to velfortjente mål.

Dette var god oppladning inn mot neste helg der me som nevnt serieåpnar mot StrandUlv. Håpar at mange vil ta turen og støtta oss frå sidelinja!

Teks og bilde: Thomas Hagen