Publisert av:
7/5/2015 06:02
Briskeby til Tysnesfest
Briskeby varsla nyleg sitt comeback til norsk musikk med singelen “Rookie Mistakes”, ein låt som allereie gjer det godt på landets radiokanalar.
15 år etter at dei storma inn i norsk musikk, og ni år etter at dei takka for seg, gjer Briskeby comeback!
Eit av landets største popband gjennom tidene slapp i mars i år sin nye singel og gjer utvalte festivalar i sommar.
Låtrepertoaret til Lise Karlsnes og gjengen har snurra med høg rotasjon på radiokanalane som om ingenting har hendt. «Propaganda», «Miss You Like Crazy», «Joe Dallesandro», «Wide Awake og Cellophane Eyes» er ikkje småtteri å ta med seg på ein festival, og no kan me altså glede oss til enda noko nytt.