Avgjerande kamp for G05 i helga

Publisert av: Vegard Aslaksen
28/1/2018 19:31

Tysnes sine gutar 05 viste seg fram i Tysneshallen med to flotte sigrar i helga.

Fyrst kamp mot Sandviken vann dei overlegent 28-9 etter mykje fint kombinasjonspel og flotte scoringar. I kamp nr 2 sto ein av serien sine beste lag som motstander.

Dei ivrige Tysnesgutane vann ein dramatisk kamp mot Viking med ei avgjerande straffescoring i sluttsekunda etter å ha leia gjennom heile kampen. 20-19 siger og ei god tabellplassering som gjev gutane plass blant dei beste laga i sluttspelturnering i februar.

Desse var med: Mathias Bakke, Tobias D Hagen, Oliver Fagerbakk, Samuel Dalland, Jonas Hagen-Lunde, Theodor Meland, Brede Røssland og Jørgen Pettersen

(Tekst og bilete: Ronny Hagen)