Damene inntar Tysnesfest- plakaten!

Publisert av:
20/2/2014 08:02

SiLyA & The Rapscallions

Stjernekamp på NRK1 var ein stor sjåarsuksess i haust og over 1 million sjåarar fekk med seg finalen der Silya gjekk sigrande ut! Med sine energiske opptredener og sprudlande personlegheit har ho fått ei stor fanskare hos det norske publikum. SiLyA blei fyrst kjend gjennom gruppa “Multicyde” som slo igjennom i 1999 med «Not for the Dough», melodien som bygde på Bent Fabricius-Bjerre sitt munnspeltema frå filmen Flåklypa Grand Prix. 

Live er det ein fantastisk miks av låtar frå Silya sitt musikalske univers, i tillegg til nokre av låtane som folk elska i Stjernekamp. Silya reiser på turne med fullt band og blåserekke.

[youtube]zActioFYWqk[/youtube]

 

Gabrielle!

Gabrielle tok Tysnes med storm på Gjerstad i 2012, så Tysnesfest måtte berre ringa ho igjen.. Ho svara ja denne gongen og!

Gabrielle er igjen ute med ny musikk og ho har eit av landets største musikknamn. I september 2013 kom minialbumet “Nattergal Kap. 2″, og singlane “Midvind(med Vin)” og “Regn Fra Blå Himmel” leda an og har rotert tungt på radio i løp av året. 

[youtube]jaFbvWaljMU[/youtube]

 

Razika!

Razika konserten som var bokka til festivalen i 2013 måtte utsettast til i år. No er det vorten enda betre og meir aktuelle! Dette vert stas!

Med suksessen frå debutplata «Program 91» som fekk fantastiske kritikkar verda over, blant anna i New York Times, NME, Village Voice, Uncut Magazine og Pitchfork, skaut Razika seg med rekordfart inn i på den norsk musikkscena. Med blant anna supesingelen “Vondt i Hjertet” i bagasjen turnerte dei kraftig i inn og utland og spelte seg inn i hjarter i store delar av Europa, på SXSW i Texas og Japan!

Og med sitt andre album «På vei hjem», fortsette jentene frå Bergen suksessen. Den fyrste singelen «Oslo» gjekk rett inn på A-lista til P3 og tok ein 3. plass på VG si kåring «Årets beste låter». Sommaren 2013 spelte bandet på den store scena under både Slottsfjell og Øyafestivalen, og berre på dei to festivalane spelte dei for meir enn 12.000 entusiastiske fans.

[youtube]Is5XvkUhCYE[/youtube]

 

Hekla Stålstrenga!

Det er ei æra for Tysnesfest å gje stafettpinnen for Kjevikjo vidare til Hekla Stålstranga. Det blir utan tvil noko heilt eige og høyre «Har du Fyr» på denne arenaen til sommaren!

Folkerockbandet Hekla Stålstrenga har hatt ein fantastisk karriereutvikling – frå bubil-turne i Nord-Norge med NRK på slep, til å ha tatt steget opp i øvste divisjon med blant anna Spelemannspris-nominasjonar og eigen konsert i Operaen i vår. 

Bandet har blitt eit livefenomen med gjetord frå publikum over heile landet. Med sine to skinande frontkvinner Ragnhild Furebotten (fele) og Anne Nymo Trulsen (song og trøorgel), og dei tre stødige mennene Ole Jakob Larsen (trommer), Trond Viggo Solås (kontrabass) og Tore Bruvoll (gitar) karakteriserer Aftenposten dei som det nærmaste ein kjem ei ”supergruppe” i norsk folkemusikk om dagen. 

Sjå NRK sin dokumentar om bandet, «Reinhekla magi», på nett-tv: http://tv.nrk.no/serie/folk/dnpr65004012/24-04-2013

[youtube]Rck1uCW50uA[/youtube]