“Spis opp maten”

Publisert av: Martha Nygård Lande
11/4/2019 12:44

Mange hadde tatt turen til biblioteket for å høyra Mette Nygård Havre snakke om korleis ein skal unngå å kaste godt brukande matvarer, og korleis ein kan gjere seg nytte av desse.

Havre har jobba i BIR, og sjølv sett kor mykje mat som vert kasta. Etterkvart vart ho meir bevisst på dette, og har no satt i gang ein folkeaksjon for å bevisstgjere folk.

Ho reiser rundt og held foredrag, og ho arbeider aktivt for at matvarekjeder og produsenter skal gjere ein del grep. Dette gjeld særleg datomerking, som på mange varer er unødvendig, men som er eit EU direktiv, og er lovpålagt. Havre har blant anna vore med og fått gjennomført at det på melkekartongar skal stå “best før, men ikkje dårleg etter”.

Havre lurte på om butikkane her på Tysnes er flinke til å selge varer med kort holdbarhetsdato, til lavere pris. Tilhøyrarane meinte nokre butikkar var flinke, medan andre kunne vore betre til dette.

Mange kastar salaten når den er blitt slapp, men den kan leggast i kaldt vatn i kjøleskapet, så er den sprø neste dag. For å unngå at gulrøttene blir mjuke, kan ein sette dei med stilken ned i litt vatn, i kjøleskapet. Dette var eit par eksempel på kor enkelt det er å ta vare på maten, og ikkje velge bossbøtta.

For nokre veker sidan gav ho ut boka “Spis opp maten”. Havre skriv på bloggen sin at boka skal gje eit lynkurs i matredding. Det er 52 gode restematoppskrifter i boka, og du kan lærer deg korleis du kan spare både miljø og lommebok.

Dersom du vil vite meir om folkebevegelsen “spis opp maten”, kan du følge ho på Instagram, Facebook, eller lese bloggen til Mette Nygård Havre her