Publisert av:
30/11/2013 10:00
Julemesse
Dei mange julemessene på denne tida av året er staden for deg som ynskjer handlaga og lokalproduserte ting.
På messa i Lunde i dag, finn ein alt frå nissar og julemus, til sokkar og hekladukar.
For dei som ynskjer, er det også mogleg å få unnagjort julebaksten i ein fei ved å kjøpa småkakene her.
Ulike saueskinnsprodukt frå garden på Økland.
Per Ingolf fortel at dette er laga frå pels-sau skinn, og at det er Jorunn som syr og trykkjer mønster.
Ein kaffitår og eit kakestykke er ei sjølvsagt avslutning for mange på eit julemessebesøk.