Seniortreff i fem bygder
26/5/2025 11:20
Sist torsdag fekk totalt 200 seniorar høyra om livet til Johannes Kleppevik i ord og tonar.
Johannes blei berre 53 år gamal, men rakk likevel å skriva nær 150 flotte songar.
Me fekk høyra om eit dramatisk liv fylt med både oppturar og tunge nedturar.
Livshistoria blei, på ypperleg vis, fortalt av Helge Olav Instøy og saman med Arne Kleppe framførte dei fleire av Kleppevik sine kjære viser.


Kystens trubadur og kystkulturen lever vidare gjennom desse flotte visene.
Marlen, yngste dotter til Johannes, var med på treffet. Ho framførte «Vår vise i naustet», skriven av sin far.
Med tydeleg nedarva stemmeprakt vart dette ei vakker og rørande oppleving.
Berre 12 år gamal song ho med far sin i studio med innspeling av nettopp denne visa.
Sabine Graeff, prosjektleiar for LivOgLyst deltok også på treffet.
LivOgLyst -prosjektet jobbar i desse dagar med å samla inn tysnesingane sine stemmer og ønskje for noverande og framtidige aktivitetstilbod og møteplassar i kommunen vår.
Dette er viktig lokalsamfunnsutvikling for å sikra alle attraktive og levande heimstader.
Tusen takk for eit flott seniortreff!
Særskild takk går til aktører, bygdelaga og arrangementskomitè
(Tekst: Bente Raknes Bilete: Sabine Graeff og Bente Raknes)