Sumarregatta og Oselvarsigling

Publisert av: Vegard Aslaksen
24/6/2018 21:51

Båtlaget Njord/Tysnes arrangerte Sumarregatta for Oselvarar i helga. Vindforholda var ikkje heilt ideelle denne helga. Svært lite vind Laurdag gjorde at ein berre fekk gjennomført ein seilas. På søndag tok vinden seg litt opp slik at ein fekk til to seilasar.

 

Båtar og mannskap ventar på at vinden skal ta seg opp Laurdag føremiddag

 

Dei skuelystne kunne sjå at det er ikkje rare vindpustet som skal til for å få Oselvaren til å forflytta seg rundt på banen. Med rett seglføring og eit auge for kvar vindpusta er på fjorden – klarar ein å skapa framdrift under forhold som verkar meir eller mindre blikk stille.

K-45 Jo glir sakte gjennom vatnet med vind i segla

 

I alt 7 båtar deltok på Sumaregattaen. 3 båtar i 8 kvadrat spri-klassen og 4 båtar i 10 kvadrat bermudarigg. Forskjellen på desse klassene er seilformen og størrelsen på seila. Båtane er meir eller mindre like. 8 kvm spri har eit litt firkanta segl medan 10 kvm bebuda har eit trekanta segl og ein del høgare mast.

Samanlagt resultater 10 kvadrameter bermuda rigg:

  1. Plass, K10 “Susi” med Bernhard Gjerstad, Robert Dalland og Vegard G. Kleppe
  2. Plass, K7 “Glimt” med Kåre Gjerstad, Øystein Frugård og Oddvar Helland
  3. Plass K45 “Jo” med Kjell Totland, Einar Aslaksen og Petter Strømme
  4. Plass K17 “Ola Dilt” med Kjell Magnus Økland, Vegard Aslaksen og Jan Stian Opdal
K10 “Susi” fyrst over målstreken, K25 “Glimt” kjem like bak

Samanlagt resultater 8 kvadrameter spri:

  1. Plass, 41 “Seira” med Svein Økland, Sindre Økland og Åshild Økland
  2. Plass, 18 “Berserk” med Jan Vee, Lars Grøteide og Eline Teigland
  3. Plass, 157 “Mossi” med Knut Ove Gjersvik, Malind Røldal og Oddbjørn Sandvik
Båtane samlar seg ved startlinja som var rett utanfor “Njordstø”

Vinnarar av minnepokalar

Sverre Johnsens minnepokal gjekk til K45 “Jo” for beste start i fyrste seilas på Søndagen

Harald Dallands minnepokal gjekk til K10 “Susi” for lengste forsprang på båt nummer to på laurdag.

 

Kåre Gjerstad, Øystein Frugård og Oddvar Helland sigla K7 “Glimt” i 10 kvm bermuda klassen.

 

Jamnt i teten før andre merkerunding i fyrste seilas på Søndagen

 

K10 “Susi” frå Tysnes vart samanlagtvinnar i 10 kvm klassen