Fullt hus på 10. klassen sitt show

Publisert av: Martha Nygård Lande
26/2/2024 11:10

Det årlege showet til 10.klasse ved Tysnes skule vart vist torsdag 22. og fredag 23. februar i Grendatun.

Det var fullt hus begge kveldar, og dei heldige som fekk billettar til årets show, fekk ei flott oppleving.

Som det var informert om på førehand, vart ein teken med på ein rundtur på Tysnes, der ein fekk møta mange kjende skikkelsar.