Publisert av:
20/8/2013 14:29
Utfor vegen
På dei smale tysnesvegane er det lett å koma utfor vegkanten med stor bil.
No i ettermiddag var det ein som var uheldig i Lunde og kom utfor kanten med hengaren i ein krapp sving.
Paul Ole Hauge klarte med gravemaskin frå Tysnes Maskin å få hengaren opp att på vegen.
Den var kun cm frå murbyggningen ved “grustaket” i Lunde.
Gravemaskinføraren flytta grabben bakover etterkvart som lastebilen med hengar kjørte framover til hengaren var heilt oppe på vegbanen att.
Trailersjåføren hadde vore i byggefeltet og levert varer. Han var strålande fornøgd med snarrådig hjelp. “dette gjekk fortare enn å lage middag” :) var kommentaren!