Krafttak mot Kreft

Publisert av: May Britt Meland
16/3/2018 13:20

Dette er siste dagen me har aksjonen krafttak mot kreft.

Kr. 115,- pr tur til Blåbærhaugen !

Kraftlaget sponsar turane med kr. 5,- og  SN Marine Consult AS med kr. 10,- – og då er me oppe i kr. 115,- pr. tur.
Mange har allereie gått turen så beløpet Kreftforeninga får frå Tysnesingane blir bra i år også.

– men de har framleis dagen på dåke!
Onarheim Bygdalag vil i dag 16.03.2018 frå kl. 16.00 til 19.00 ha fyr i bålpanna og by på ein kaffiskvett og frukt. Hugs gode sko.

 

Er det nokon me ikkje har nådd frem til med bøsser er det framleis moglegheit å gje. Vipps til 451041 eller til konto nr. 1503.07.66056, merkes 451041.

 

 

Astrid og Rannveig