Over 70 prosent av elevane får skuleskyss

Publisert av: May Britt Meland
16/4/2020 14:40

I følge utdanningsdirektoratet lang, eller farleg skuleveg nokre av grunnane til at ein elev kan ha rett til skuleskyss. For elevar i 1. trinn  er det skuleveg lengre enn 2 km og for dei høgare trinna er det skuleveg lengre enn 4 km som gjev rett til skyss.

Tysnes på topp

Heile 72,1 prosent av elevane på skulane på Tysnes fekk skuleskyss i 2019. Dette gjer at vi toppar lista i Hordaland, mens Fedje kommune er sist med berre sju prosent. I nabokommuna Os var det berre 23 prosent av elevane som fekk skuleskyss, 47,4 prosent i Fusa og 9,9 prosent på Stord.

I følge SSB var det 305 elevar i kommunale skular på Tysnes i 2019 og av desse fekk 220 skuleskyss. Statistikken syner at det vart nytta 1,4 millionar på skuleskyss i 2019. Netto driftsutgifter utgjer då kr 491,- per innbyggar i kommunen.