Tysnesfest!
13/6/2013 20:09
Ikkje utan deg!
Tysnesfest er beint fram glad for å kunna opplysa om at det snart er jonsok! Denne tilrår me alle å feira, for det er etter vårt syn ein fin tradisjon!
Etter at dette er overstått er det om lag akkurat litt over to veker til det som mange ser på som sumarens desiderte høgdepunkt: Tysnesfest, 10-14. juli!
Det er nokre ting som må vera på plass for at festivalen skal ha livets rett… Mange ting for å vera heilt konkret. Nokre av desse tinga rår me over, andre ikkje.
Ein av dei tinga me ikkje rår over er deg. Du som friviljug er ein heilt fundamental berebjelke i festivalen!
Me treng akkurat deg med oss på laget!
Sjå videoen på youtube HER
Ring Synnøve Vines på Tlf: 90152340/Mail: synnve@tysnesfest.no eller Hanne Hope på Tlf 45287529/mail: Hanne@tysnesfest.no
Eventuelt logg deg inn på tysnesfest.no for å melda deg som frivillig!