Ein sprudlande blid festivalsjef kan i dag bekrefte at desse karane kjem til Tysnesfest i 2021.

Discokongane kjem til Tysnesfest!

Publisert av: May Britt Meland
5/2/2020 18:00

Det blir skyhøg discofaktor når sjølvaste Village People kjem til Gjerstad arena. It’s fun to stay at the Y-M-C-A!

Village People er eit av verdas mest ikoniske band, og musikken deira er ein viktig del av den internasjonale songboka. Det er nok å nevne superhits som «YMCA», «In The Navy» og «Go west». Dei to førstnemnde lå begge nesten eit halvt år på VG-lista.

Den amerikanske gruppa blei starta allereie i 1977 og hadde utspring i det homofile miljøet i New York. Den fengande musikken blei raskt oppdaga utanfor homsemiljøet. Bandet har i dag solgt meir enn 100 millionar album, og set framleis nye rekordar. I tillegg har bandets hits vore med i fleire titals filmer.

Frontfigur og ein av låtskrivarane frå starten var Victor Willis. Han forlot Village People i 1979, men gjorde comeback då dei dro ut på ein lengre turne i samband med 40-årsjubileumet i 2017.

Village People er kjend for sine fargerike kostymer og lett dansbare musikk. Dei held framleis koken, og slapp i 2019 juleplata «Magical Christmas. Samme år var dei og på ein omfattande verdsturne der dei mellom anna spelte på Wembley arena og hadde fem utselde hus i Amsterdam. I 2020 skal dei ut på vegen igjen, og konserten på Tysnesfest er den einaste som er booka i på Vestlandet.

  • Dette er stort for oss! Me har dei siste 10 åra alltid hatt utanlandske stjerner av varierande størrelse på besøk, men Village People er i ein klasse for seg sjølv! Eg trur ikkje det er mange som ikkje har eit eller anna forhold til bandet, og kanskje spesielt låten YMCA! Village People passar midt i blinken for galskapen i Sirkus Tysnesfest, og det var stor glede på kontoret når dei to månadane med megling endeleg førte fram!

Village People speler på Gjerstad arena laurdag 11. juli.

Hittil er følgande artistar lansert til Tysnesfest 2020:

Torsdag: Hjerteslag, Hellbillies, Vinskvetten

Fredag: Highasakite, CC Cowboys, Stavangerkameratene

Laurdag: TIX, Village People, Kapteinen og car.pool