Unge gründarar

Publisert av:
20/2/2013 15:27

Siren Sundal Nilsen og Christina Korsnes Malkenes hadde i dag rigga seg opp strategisk til i krysset på Malkenes. Dei kunne fortelje at dei har starta ein “snope butikk”. På bordet var ein fin “meny”, der det stod kva varer dei selde, og kor mykje det kosta. Då underteikna skulle kjøpe, fekk ho opplyst at to av tinga allereie var utseld. Jentene hadde hatt fem “gjester” i butikken, og tjent 43 kroner. På spørsmål om kva dei skulle bruke pengane på, kunne dei opplyse at dei skulle kjøpe inn fleire varer og kanskje investere i nytt bord og stolar. Ingen tvil om at dette er jenter med orden- og forretningssans!